Svv sin idrettsblogg

Vegvesenet BIL Sør-Trøndelag ble stiftet i 1965, og har idag ca. 210 medlemmer. Aktiviteter er per dags dato: Fotball, innebandy,volleyball, ski, st.olavsloppet, skyting og sykle til jobben!

Fotballagets eminente promovideo for vegcup 2012 finnes her

Hvis noen vil blogge om aktiviteter så send en mail til
marianne.eklo@vegvesen.no


Ellers takker vi våre vegcupsponsorer for 2013 for støtten: Euroskilt, Veidekke, Asplan Viak og E6 Trondheim-Stjørdal


tirsdag 6. mai 2014

#Sistekamp#Volleyball#SVV#Lagbilete

Vi vann 3-0! 


Asta trur ho bringer ulukke til laget, og at vi vann fordi ho ikkje var der. Det er ikkje sant då, men eg måtte berre ha noko å skrive og har gått tom for oppkomme.

Bjørn meinte det var viktig å stille i ei skikkeleg leiartrøye i høve at det var siste kamp. Odd vil vise oss dei nye skoa sine.

Tessem: Vi hadde med oss ein kjekk fyr vi ikkje hadde sett på lenge.




Eg tykkjer det er rart at både Vegen og Odd er på veg ut av bana midt i kampen.

Eg har lagt meg flat.

Slik skal det sørvast! (Lov å skrive sørv sidan det er lov å skrive pøbb, sant?)


Vi tok LAGBILETE
Vi LAGBILETE tok
LAGBILETE vi tok
LAGBILETE tok vi
Tok LAGBIILETE vi.
Tok vi LAGBILETE? Ja.


Uskarpt

Bjørn har lukka augene og Odd har opna munnen (ikkje sett i samanheng!)

Eg har tommelen min i overleppa til Bjørn, samstundes som eg kilar Hilde under haka. Bjørn boksar Odd i kløfta (på haka), og handflata til Jill er nesten større enn hovudet til Vegen, i tillegg kiler ho han med lillefingeren. Venstrehanda til Odd er forsvunnen. Endre leikar at han er eit dyr med klør. Kun Tessem er normal. Ellers eit fint bilete.

Her kan du nytta kreativiteten og finna på eigne ting som skjer på biletet! Kvar er eigentleg handa til Odd? Kvifor er venstrehanda til Tessem i rørsle? Har Vegen spesielt lange hender? Er det difor han er så god i Volleyball?



THE NEVERENDING STORY

Somme har spurd meg når eg skal blogge om avslutninga vår, då vi åt fin middag på Frati og diskuterte Volleyball-reglar. Eg trudde ikkje det var vanleg å blogge frå slikt, så eg avventar til eg er sikker på at det er noko ein skal gjere. 

Det blir uansett ingen bilete og ganske døll tekst.


Bis bald... Oder nicht

Frøken Dahlén

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar