Svv sin idrettsblogg

Vegvesenet BIL Sør-Trøndelag ble stiftet i 1965, og har idag ca. 210 medlemmer. Aktiviteter er per dags dato: Fotball, innebandy,volleyball, ski, st.olavsloppet, skyting og sykle til jobben!

Fotballagets eminente promovideo for vegcup 2012 finnes her

Hvis noen vil blogge om aktiviteter så send en mail til
marianne.eklo@vegvesen.no


Ellers takker vi våre vegcupsponsorer for 2013 for støtten: Euroskilt, Veidekke, Asplan Viak og E6 Trondheim-Stjørdal


tirsdag 6. mai 2014

#Avslutning #Volleyball #SVV #NestSisteKamp


Vi avslutta sesongen med å ete ein betre middag på Frati. Det einaste eg vil seie om avslutninga vår akkurat no er at utover kvelden fekk eg påpakning for at eg ikkje har blogga frå dei to siste kampane våre. Og det med rette. Etter at eg fekk denne påpakninga har eg ikkje sove grunna det utruleg dårlege samvitet eg har hatt, og søv altså heller ikkje i natt.

Så no sit eg her då, seint på kvelden, og skal blogge frå dei to siste kampane. Som eg eigentleg ikkje hugsar så mykje frå. Eg hugsar at vi vann ein, og tapte ein. Og at den eine var mot Klæbu/Tanem, og at det var den vi tapte. Eg kan gå inn på tabellen, det gjorde eg no, og vi spelte vår siste kamp mot Ladestien Barnehage (dei ansatte, altså, ikkje borna (som ikkje er ein særleg morosam spøk, og det var ikkje eg som kom med den)), og dei vann vi mot.

Eg debuterte på vår nest siste kamp.

Som oppmann for laget, ja. (Støtt andre sine spøkar). Vi tapte 0-3, men heilt ærleg, så ligg laget vi spelte mot på toppen av tabellen, og dessutan var ikkje Bjørn der (han meinte i alle fall sjølv at det måtte vere (delar av) orsaka). Det var jo difor eg debuterte som oppmann, eller oppdame, fordi Bjørn skulle ut på tur. Eg kan ikkje seia så mykje om kva han skulle, men det innbefatta både italiensk mat og ein kvit kjole (trur eg då).

Heldigvis blei det tatt så sinnsykt mange bilete på desse kampane at eg ikkje treng å skrive så mykje meir om dei. Eg tar berre med dei "morosame" bileta (det er ei grense for kor morosame bilete frå ein Volleyballkamp kan bli).



Det eg kan sjå: Vegen (nest lengst til høgre) prøvar å muntre oss opp "Ditta klare vi, folkens!" medan han held hendene saman og gestikulerar positivt.
Simon har nett fått ein ball i trynet, og Odd prøver å dirigere Asta.




Finn ballen!
Simon er på veg til å sette seg ned, og Asta har starta ein spurt.







#Selfie#Øfsti

Odd tar ein piruett, men har gløymd å ta hendene over hovudet.



Eit døme på vårt spel:


Odd slår ballen framover....


... og Simon slår den over på andre sida.





Og som vanleg har eg ein liten bileteserie om Odd:


Odd tar i bakken

Odd sett kneet i bakken. Han mista kanskje ei hårlus? (Det er ei lita hårklemme til den som ikkje visste det.)




Til slutt tar eg med eit bilete som viser kvifor vi tapte: Om du ser godt etter, kan du sjå at han eine på Klæbu er omlag dobbelt så høg som oss.



Bis bald. Sehr bald!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar