Svv sin idrettsblogg

Vegvesenet BIL Sør-Trøndelag ble stiftet i 1965, og har idag ca. 210 medlemmer. Aktiviteter er per dags dato: Fotball, innebandy,volleyball, ski, st.olavsloppet, skyting og sykle til jobben!

Fotballagets eminente promovideo for vegcup 2012 finnes her

Hvis noen vil blogge om aktiviteter så send en mail til
marianne.eklo@vegvesen.no


Ellers takker vi våre vegcupsponsorer for 2013 for støtten: Euroskilt, Veidekke, Asplan Viak og E6 Trondheim-Stjørdal


søndag 9. mars 2014

#Volleyball#Nynorsk#SVV

Tida er komen for ei lita oppdatering frå Volleyball-avdelinga i Vegvesenet. 

Ingen bilete

Eg har dessverre ingen bilete frå ein einaste kamp, og difor har eg valt å lage mine egne bilete/teikningar/illustrasjonar for å oppsummere alt som har hendt.

Ei interessant opplysning om våre sigrar/tap:

Dess fleire på motstandarlaget, dess betre har vi spelt. Eg veit ikkje heilt kvifor det er slik. Har du ein teori, kan du dele denne i kommentarfeltet.

Litt om laget

Vi er omlag fem-seks som er relativt faste på laget, og så dukkar det opp andre no og då. Det kan hende det kjem ein liten presentasjon av dei aller fastaste seinare, kor dei fortel om sine sterke og svake sider, samt sine fysiske mål for sesongen. Følg med på bloggen!

Sekkformasjon


I Vegvesenet svergar vi til den såkalla «sekkformasjonen» som oppstilling på banen. Eller, det er i alle fall nokon på laget som svergar til denne.
Slik ser sekkformasjonen ut (Fugleperspektiv):



Om du legg godvilja til, skal du sjå at dei fem bakarste spelarane formar ein slags sekk.

 Ein kunne kanskje kalt formasjonen noko anna - eg tykkjer at å «stå som ein sekk» har ein litt slapp og umotiverande klang over seg. Når det er sagt, er det tydelegvis noko med Vegvesenet og sekkar (hint: Jubileumssekken), så kanskje er det difor vi held fast både på namnet og formasjonen?


Litt om nokre av kampane

Eg klarar ikkje å huske så mykje frå alle kampane, så no kjem ei særs selektiv oppsummering direkte frå mitt hovud.




Vår andre kamp spelte vi mot The Internationals. Det var ein utruleg morosam kamp, og trass i ujamne lag, var The Internationals veldig sporty og lagde god stemning på banen. Etter kampen blanda vi oss og spelte for gøy med litt meir jamne lag.

Kamp nummer tre spelte vi mot Teletubbies, dvs Telenor - og vi vann. Hovudorsaka til sigeren (mi personlege meining) var at telenor var svært mykje i nettet (tek du dobbeltydinga?)

Dei to neste kampane, høvesvis mot TØH og Nordic Semiconductors, hugsar eg nesten ingenting av, anna enn at vi vann.

Siste kamp er verdt å snakke litt om. Vi tapte mot to gutar/menn frå Luftkrigsskulen, og etter mi meining spelte vi temmeleg svakt. Dei var veldig flinke, og i god form - men sjølv når ein er i god form blir ein sliten av å spele med kun to spelarar på laget. I andre sett fekk vi eit innblikk i korleis ein kommuniserar med kvarandre på luftkrigsskulen:




Det var alt for no. Om du er interessert i faktiske resultat frå kampane, finn du det her.

Neste kamp spelast fyrstkomande onsdag (12.mars) kl 20.15 i Ranheimshallen, mot Ladestien barnehage (dei ansatte). Vi har éi nokså fast heiajente, men ynskjer oss sjølvsagt både fleire spelarar og tilskodarar!

#Takkformeg

1 kommentar: