Svv sin idrettsblogg

Vegvesenet BIL Sør-Trøndelag ble stiftet i 1965, og har idag ca. 210 medlemmer. Aktiviteter er per dags dato: Fotball, innebandy,volleyball, ski, st.olavsloppet, skyting og sykle til jobben!

Fotballagets eminente promovideo for vegcup 2012 finnes her

Hvis noen vil blogge om aktiviteter så send en mail til
marianne.eklo@vegvesen.no


Ellers takker vi våre vegcupsponsorer for 2013 for støtten: Euroskilt, Veidekke, Asplan Viak og E6 Trondheim-Stjørdal


mandag 24. mars 2014

TØHmbs down - men med ekte bilete og ein filmsnutt



Onsdag 19.mars spelte vi vår sjuande volleyballkamp i 2014. 


Motstandarane denne gongen var Trondheims Økonomiske Høyskole - TØH - derav lagnamnet TØHmbs up. 


TØH har eigentleg skifta namn til Handelshøyskolen i Trondheim - HIT, sjølv om dei ikkje har noko tilknytning til Handelshøyskolen i Bergen. 

Ein motspelar eg prata med innrømde at det var fordi namnet hadde prestisje i seg.




Her er laget vi stilte med:

Laget vårt. Frå venstre: Odd (11),  Asta (2),  meg (4),  Harald (3) og lagleiar Bjørn (10).


Vi var fem spelarar denne gongen, noko som gjorde at vi ikkje kunne stå i vår sedvanlege sekk-formasjon.

Vi prøver å finne ut korleis vi skal stå. Sekk-formasjon funkar ikkje med 5 på bana.


Odd seier at han vil ha ei dame på kvar side og viser kor dei skal stå. Bjørn er skeptisk.


Men Odd fekk det som han ville, og han ser rett nøgd ut.




Dei som er på mailing-lista til Volleyball-laget (som eg reknar med er dei einaste som les dette), veit at Bjørn stal overskrifta mi til dette innlegget i førre mail han sendte ut.
 Det laud noko slik som dette: "Kampen blei tommelen opp for TØHmbs up, og tommelen ned for SVV." Eg trudde eg var den einaste som kunne kome opp med dette geniale ordspelet.



Her kjem det ein liten serve-bileteserie:

Bjørn (han som stal overskrifta mi) prøver å skåne skuldra si og tar ein underarmserve


Asta kanaliserer energien sin ut i ein serve

Harald har berre ein kne-beskyttar


TØH stilte med eit sterkt lag denne gongen (vi slo dei sist, og dei ligg lågare på tabellen enn oss), og i kombinasjon med at vi var litt i ubalanse, førte det til 0-3 tap. Vi var nær ved å vinne tredje settet, men det gjekk altså ikkje, trass i Asta sitt fantastiske raseri/energinivå.



Bjørn tar nokre utfall medan ballen er på andre sida






Her er ein liten bileteserie om Odd:


Odd er klar for å ta i mot

Odd i lufta


Odd vart sliten etter all hoppinga.


Det skal også nemnast at Asta hadde skaffa oss ein tilskodar som tok alle desse bileta som eg har spreidt litt vilkårleg rundt i teksta for å bryte den opp og gjere det enklare å lese.


Her kjem ein liten filmsnutt som blei avbrote av at fotografen blei treft av ballen.



Ein liten kommentar til filmen: ballen var ute.



Neste kamp spelast no på onsdag kl 20.15, som alltid i Ranheimshallen, mot Klæbu kommune/Tanem.

Heilt til slutt vil eg fortelje at eg fekk med meg ein TØH-gutt inn til byen (han hoppa av i svingen rett før sentrum (det var ein vits, ja)), og han er den fyrste personen eg har møtt som var rett Ålesunding og samtidig skarra på r-ane!


Takk for meg.

1 kommentar:

  1. Fantastisk underholdande lesing!
    Det er morosamt å sjå at bloggen har fått eit løft i det siste.
    Ein perfekt kombinasjon av estetiske illustrasjonar, bilete og humoristiske kommentarar.
    Bloggen har fått ein ny fast lesar! (Som for øvrig ikkje er like stødig i å skrive nynorsk som bloggforfattaren...)
    Keep up the good work!

    SvarSlett